Revisjon Voss AS
 
Revisjon Voss AS er lokalt eigd og forankra i Voss. Me har kontor i Regimentsbygget på Tvildemoen.  Våre kundar er i hovudsak frå Voss  og frå nabokommunane Vaksdal, Granvin, Ulvik  og Eidfjord.
Revisjon Voss AS er medlem av Den Norske Revisorforening og har også autorisasjon som rekneskapsførarselskap.
 
Selskapet vart etablert i 1989 og har pr. i dag 4 tilsette med lang og allsidig bransjekunnskap som kan tilby aktuelle tjenester innan fagområda:
  - Revisjon ( Lovbestemt revisjon, revisjon av deler av rekneskapet, forenkla revisorkontrollar og revisorutarbeiding av rekneskap)
  - Rekneskap ( Rekneskapsføring, årsavslutning , likningsoppgåver og liknande tjenester)
  - Skatt
  - Avgift
  - Økonomisk rådgjeving
  - Etablering av selskap, valg av selskapsform, omdanningar og selskapsmessige omstruktureringar.